ISLEX - ordboka
Árni Magnússon-instituttet for islandske studiar

Brukarrettleiing til ordboka



I ISLEX er det rundt 50.000 oppslagsord, dette er alltid islandske ord då islandsk er kjeldespråket i ordboka. Målspråk er ei samnemning på språka det blir omsett til, i ISLEX er det dansk, norsk (bokmål og nynorsk), svensk, færøysk og finsk.

1. Val av brukarspråk på nettsida

profil

Fanene oppe i høgre hjørne på nettsida viser dei ulike språka den informative teksten som ikkje er del av ordartiklane (dvs. omteksten), kan vera på: islandsk, dansk, bokmål, nynorsk, svensk, færøysk og finsk. Viss du har gått inn gjennom den norske sida (www.islex.no), står omteksten automatisk på nynorsk, og du er inne i den islandsk-nynorske delen av ordboka. Ved å klikka på ei av fanene byter du brukarspråk, og all omteksten på nettsida blir vist på det språket du då har valt. Ønskjer du å skifta målform, trykkjer du på fana bokmål, og då blir all omteksten på nettsida på bokmål, og du er inne i den delen av ISLEX-ordboka som går frå islandsk til bokmål (med mindre du vel å sjå omsetjingar til eit anna eller alle språka gjennom flagg-knappane, sjå punkt 2).

2. Val av språk i ordboka

val á orðabók

Flagga er knappar du brukar for å velja ordbok. Den automatiske innstillinga er at du får opp det same språket i ordboka som på omteksten på nettsida (sjå punkt 1 over). Vil du endra målform eller språk i ordartiklane, gjer du dette enkelt ved å klikka på det aktuelle flagget. Merk at dette ikkje endrar språket i omteksten på nettsida, som alltid vil vera det same som i valt brukarspråk. Om du klikkar på knappen alle, blir alle språka i ordboka viste samtidig.

3. Søk i ordboka

3.1 Søk på liknande stavemåte

I utgangspunktet skil ikkje ordboka mellom desse bokstavane:

a / á / å / ä
e / é
i / í / y / ý
o / ó / ö / ø
u / ú
d / ð
t / þ

I praksis betyr det at du kan skriva 'tjodarettur' i søkjefeltet og få tilslag på 'þjóðaréttur'. Denne førehandsinnstilte funksjonen som gjer at du også søkjer etter liknande stavemåtar av orda du skriv inn, gjer det enklare å bruka ordboka for dei som ikkje har islandsk som morsmål, i tillegg til dei som ikkje har dei særislandske bokstavane på tastaturet sitt.

Det er mogleg å stengja av denne funksjonen med å klikka på avansert søk (sjå punkt 4 under) og fjerna haken ved liknande stavemåte. Då kjem søkjefunksjonen til å skilja mellom alle bokstavane over.

3.2 Søk på oppslagsord

Når du skriv inn eit ord i søkjefeltet, er det mogleg å bruka stjerne (*) i staden for ein eller fleire uspesifiserte bokstavar på den aktuelle staden i ordet. Døme:

tré
tré*
t*é
*tré

Du kan også klikka direkte på ord i den alfabetiske lemmalista under søkjefeltet.

I mange tilfelle er det mogleg å skriva inn kombinasjonar av verb og småord i søkjefeltet, f.eks.:

leggjast gegn
líta út
segja upp
telja fram

Då får ein ofte treff på verb og småord som dannar faste uttrykk.

3.3 Generelt om søking

Søk etter ord gjev tre ulike resultat: oppslagsord, bøyingsform og omsetjingar av desse (kalla ekvivalentar) på eitt eller alle målspråk. Har du stilt inn islandsk som brukarspråk og slår opp t.d. ordet skál, får du opp denne lista med alle dei skandinaviske språka:

niðurstöður leitar
Søkjeresultat for 'skál' med islandsk som brukarspråk.

Først står oppslagsordet skál, deretter bøyingsforma skal (1. pers. presens av verbet skulu) og til slutt dei danske, norske og svenske ekvivalentane skal, skål og skäl. Merk at lista blir litt annleis om du har stilt inn eit av dei skandinaviske språka som brukarspråk (sjå punkt 3.4).

3.4 Søk i målspråk

Søkjeresultata er avhengige av kva brukarspråk sida er stilt inn på, dvs. kva språk omteksten på nettsida er på, eventuelt endringane du har gjort med flagg-knappane. Har du gått inn gjennom den norske portalen eller stilt inn på norsk, får du opp dei islandske oppslagsorda, eventuelle islandske bøyingsformer og dei orda på den aktuelle målforma som førekjem som ekvivalentar. Brukaren vel så kva artikkel han vil klikke seg inn på i resultatlista. Eit søk på skál med nynorsk brukarspråk vil sjå slik ut:

leitarniðurstöður í nýnorskum ham
Søkjeresultat for 'skál' med nynorsk som brukarspråk.


NB! Om du søkjer på eit nynorsk verb, må du bruke a-infinitiv for å få treff:
leitarniðurstöður í nýnorsku
Søkjeresultat for 'drepa' med nynorsk som brukarspråk.


De neste bildene viser et søk på 'land' med dansk og svensk som brukerspråk på nettsida:
leitarniðurstöður í dönskum ham
Søkjeresultat for 'land' med dansk som brukarspråk.


leitarniðurstöður í sænskum ham
Søkjeresultat for 'land' med svensk som brukarspråk.


Om ein har stilt inn islandsk som brukarspråk på nettsida, får ein opp ekvivalentar på alle målspråka:
niðurstöður leitar í íslenskum ham
Søkjeresultat med islandsk som brukarspråk.

3.5 Grammatikk i kjeldespråket og målspråka

I ISLEX er islandsk kjeldespråket, og alle dei islandske oppslagsorda er utrusta med ei lenkje (BØYING) som inneheld grammatiske opplysningar om dei:

vísun í beygingu flettu

Klikkar du på denne lenkja, kjem du til nettsida Beygingarlýsing íslensks nútímamáls, som også er utarbeidd ved Árni Magnússon-instituttet for islandske studiar. Der finn du fulle bøyingsparadigme til oppslagsorda:

beyging flettu


Om ein fører musa over ein ekvivalent (omsetjing på eit målspråk), blir det i mange tilfelle vist korleis ordet blir bøygd:

beygingarendingar í sænsku
Svensk bøying av ekvivalent

beygingarendingar í sænsku

Merk at det varierer mellom språka om og kva slags grammatikkopplysningar som er tilgjengelege. Det blir arbeidd med dette frå norsk side.

4. Avansert søk

Vanlegvis ser søkjefeltet ut som dette:

venjuleg leit
Enkelt søk

Dette kan du endra gjennom å klikka på avansert søk. Då blir søkjefeltet utvida og ser slik ut:

flóknari leit
Avansert søk

Når avansert søk er opna, har ein fleire moglegheiter å velja mellom. Du kan:
  • fjerna søk i oppslagsord (då søkjer du berre etter ekvivalentane/målspråksomsetjingane).
  • fjerna søk etter ekvivalentar (då får du berre opp islandske oppslagsord med bøyingsformer).
  • setja inn hake framfor søk i all tekst, då får du også ord og bokstavkombinasjonar som kjem føre i bruksdøme og faste uttrykk.
  • fjerna funksjonen liknande stavemåte, som elles er automatisk innstilt.
  • velja kva målspråk du vil søkja i (i høgre kolonne) ved å haka av eller fjerna hake ved felta dansk, bokmål, nynorsk, svensk, færøysk og finsk.


© Stofnun Árna Magnússonar í íslenskum fræðum, Árnagarði við Suðurgötu, 101 Reykjavík